Gå til innhaldet
Book ei øktBook

Spørsmål

I den rekkjefølgja du lurer på dei: før du bookar, på staden og etterpå.

Før du bookar

Korleis bookar eg ei økt?
Vel økt i bookinga, kor mange vaksne og barn som skal vera med, og betal. Etter betalinga får du ein kode og meir informasjon frå oss.
Kor lenge varer ei økt?
To timar. Øktene måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–11.00, og laurdag og sundag kl. 06.00–09.00 er tre timar. Tida du brukar på å fyra opp, er rekna med.
Er ved med i prisen?
Nei. Ta med eigen ved, eller kjøp ved for 120 kr når du bookar. Då ligg veden i saunaen når du kjem.
Kan me ha saunaen for oss sjølve?
Ja. Book alle tolv plassane på same økt. Me tilrår å kjøpa eit 12-klipp og bruka alle klippa på éi bestilling: då kostar heile saunaen 950 kr. Tolv enkeltbillettar kostar 1 320 kr med dagpris.
Kva er aldersgrensa?
Frå 16 år kan du bruka saunaen åleine. Under 16 år må du vera saman med ein vaksen over 18 år.

På staden

Er saunaen varm når eg kjem?
Nei. Saunaen er sjølvbetent, og du fyrer han opp sjølv. Det held kostnadene nede.
Korleis fungerer låsen?
Etter booking får du ein eigen kode som opnar den digitale hengelåsen på ytterdøra. La hengelåsen henga open medan de er inne. Når de er ferdige, låser de saunaen att med han.
Er det dusj og garderobe?
Det er eit omkledningsrom og reint, friskt sjøvatn rett utanfor. Det er ikkje dusj.

Etterpå

Må eg vaska saunaen etter bruk?
Ja. Saunaen skal vera slik du fann han. Svabra vatnet på golvet ut hovuddøra og vask over benkene. Grønsåpe og nal står klar.
Eg har booka, men fekk ikkje koden.
Sjå i søppelpostmappa først. Koden står òg på Mi side hos Periode. Finn du han ikkje, skriv til post@stanghelleil.com med bookingnummeret, så sender me ein ny.

Laget

Kven driv Stanghelle Sauna?
Stanghelle IL, som er ein ideell organisasjon, eig og driv saunaen. Overskotet går til idrett, fritid og lokale tiltak i Stanghelle.

Slik går det føre seg

Frå 16 år kan du koma åleine. Under 16 år er du med ein vaksen over 18.

  1. BookVel økt og kor mange de er. Kjøp ved om de ikkje har med.
  2. Lås oppEtter betalinga får du ein kode. Han opnar den digitale hengelåsen på ytterdøra. La låsen henga open medan de er inne.
  3. Fyr oppSaunaen er kald når du kjem, og du fyrer sjølv. Tida det tek å fyra opp, er rekna inn i økta.
  4. BadKjøl deg ned i sjøen. Det er omkledningsrom, men ikkje dusj.
  5. RyddSvabra vatnet på golvet ut hovuddøra og vask over benkene. Grønsåpe og nal står klar.
  6. Lås attLås saunaen med hengelåsen når de går.

Bruksreglar

I Stanghelle Sauna står fellesskap og respektfull bruk i sentrum. For å sikre at alle får ei god oppleving, ber me om at du følger desse reglane:

  1. For å halde saunaen i ein triveleg tilstand, ber me alle brukarar om å rydde opp etter seg, slik at saunaen er like rein og fin som då du kom.
  2. Alkohol er ikkje tillatt på eller rundt saunaområdet, i samsvar med gjeldande lovverk.
  3. Når saunaen delast med andre, vis omsyn ved å ikkje oppta meir plass enn nødvendig, slik at alle får plass til å slappe av.
  4. Berre betalande gjester har tilgang til saunaen. Det er ikkje tillatt å sleppe inn uvedkommande.
  5. For å bevare eit behageleg innemiljø, ber me om at mat og snacks ikkje blir medbrakt inn i saunaområdet.
  6. Det er berre tillatt å bruke reint, ublanda vatn på varmasteinane for å lage damp.
  7. Ver vennleg og vis omsyn til andre og området rundt saunaen, slik at alle kan ha ei triveleg oppleving ved sjøkanten.

Å ignorere desse reglane kan føre til avslutting av avtale, samt potensielle juridiske tiltak og erstatningsansvar.

Me set stor pris på ditt bidrag til å skape ein hyggeleg og inkluderande atmosfære i Stanghelle Sauna.

Salsvilkår og personvern

 

Book