Prisar
Prisen per plass følgjer tida på døgnet og veka. Barn betaler mindre, og ved kjem i tillegg.
Enkeltøkter
| Prisnivå | Når | Lengd | Vaksen | Barn |
|---|---|---|---|---|
| Morgonpris | Måndag–onsdag og fredag kl. 08.00–11.00 | 3 timar | 70 kr | 50 kr |
| Dagpris | Måndag–fredag kl. 11.00–21.00Laurdag og sundag kl. 06.00–11.00 | 2 eller 3 timar | 110 kr | 80 kr |
| Helgepris | Laurdag og sundag kl. 11.00–21.00 | 2 timar | 140 kr | 100 kr |
Frå 16 år kan du koma åleine. Under 16 år er du med ein vaksen over 18.
Klippekort
Eit klipp er éin plass på éi økt. Del klippa over mange økter åleine, eller ta med deg vener ein gong. Klippa som er att, blir lagra til neste gong. Kortet må kjøpast før du bookar.
Heile saunaen
Book alle tolv plassane på same økt med eit 12-klipp: 950 kr. Tolv vaksenbillettar kostar 1 320 kr med dagpris og 1 680 kr med helgepris.
Med morgonpris er tolv billettar rimelegast: 840 kr.
Ved
Ved er ikkje med i prisen. Ta med eigen, eller kjøp ved for 120 kr når du bookar. Veden ligg i saunaen når du kjem.
Gåvekort
Frå 300 kr, eller ein sum du vel sjølv.
